Regulering av fisket etter tobis i 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 99/2010 | Dato: 14.12.2010
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2011. I tråd med tilrådingar frå Havforskingsinstituttet er det fastsett ein kvote på 60 000 tonn i norske farvatn.

Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet har i samarbeid med næringa arbeidd med ein ny forvaltningsmetode for tobis. Ein vil no gå over til områdebasert forvaltning. Det vil seie at norske farvatn blir delt inn i fleire område som skal opnast og stengjast annakvart år. På denne måten vil ein del av gytebestanden i eit område vere freda kvart år. Slik vil ein sikre målet om berekraftige tobisbestandar på alle viktige felt.
I tillegg er det fastsett ein kvote på 20 000 tonn i EU-sona, i tråd med den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU.
For 2011 vil områda 1a, 2a og 3a vere opne for fiske, sjå kartet under og forskrift for detaljar.
Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47