Historisk arkiv

Regulering av fisket etter uer i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2011. Når det gjeld fisket etter uer i norsk økonomisk sone vert det vist til forskrift om utøving av fisket i sjøen.

På grunn av bestandssituasjonen vert gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer i norsk økonomisk sone nord for 62°N vidareført, slik dei går fram av utøvingsforskrifta. Det vil mellom anna seie at forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare. Det same gjeld bifangstreglane, som inneber at ein heller ikkje i 2011 kan ha meir enn 15% innblanding av uer i fisket med trål og 20% innblanding i fisket med konvensjonelle reiskapar, i fisket etter andre artar.

Reguleringane når det gjeld fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II vert fastsette i samsvar med vedtak i NEAFC. Det vil seie at med unntak frå eit generelt forbod mot fiske i området, kan landa i NEAFC fiske ein samla kvote på 7900 tonn i perioden frå og med 15. august til og med 30. november 2011. Fisket vert regulert som eit olympisk fiske i denne perioden. Berre fartøy som har tilgang til å ta del i dette fisket i år, vil kunne ta del i 2011. I fisket etter andre artar i dette området kan fartøy ha inntil 1 % bifangst av uer i vekt i de einskilde fangstar og ved landing.

Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47