Geir Evensen avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 54/2011 | Dato: 24.06.2011
Geir Evensen er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Evensen skal arbeide i havressurs- og kystavdelinga.
Geir Evensen er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Evensen skal arbeide i havressurs- og kystavdelinga.
Evensen vil få fagleg leiaransvar for oppgåver i seksjon for juss og økonomi. Seksjonen har særleg ansvar for dei rammevilkåra som skal leggje til rette for lønnsemd og utvikling i fiskeflåten, samstundes som dei skal støtte opp under det samla arbeidet for ei langsiktig biologisk berekraftig fiskerinæring.
Evensen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 1993. Han er konstituert som avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet si avdeling for havbruk, sjømat og marknad sidan september 2010. Der har han leia det internasjonale laget. Han har vore tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet sidan 1993, og har arbeidd i ulike stillingar i avdelinga for havbruk, sjømat og marknad heile perioden, med unntak av åra 2007-2010 då han var fiskeriråd ved den norske EU-delegasjonen i Brussel.