Landmark utnemnd til ekspedisjonssjef
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 24/2011 | Dato: 11.03.2011
Vidar Landmark er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i Fiskeri- og kystdepartementet, der han skal leie i Havressurs- og kystavdelinga.
Vidar Landmark er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i Fiskeri- og kystdepartementet, der han skal leie i Havressurs- og kystavdelinga.
Havressurs- og kystavdelinga har ansvar for saker knytt til fiskeria, havmiljøet og kystforvaltninga.
Landmark er 49 år og utdanna jurist ved Universitetet i Oslo. Han har lang og variert erfaring, og har samla vore tilsett i meir enn 13 år i Fiskeri- og kystdepartementet. Han har mellom anna leia Seksjon for juss og økonomi i Havressurs- og kystavdelinga sidan 2008, og vore konstituert ekspedisjonssjef i same avdeling sidan 14. januar i år.
Vidar Landmark har også arbeidd i Justisdepartementet, hos Sivilombodsmannen, og to år i eit advokatfirma.