Historisk arkiv

Ole-David Stenseth avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Ole-David Stenseth er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Stenseth skal arbeide i havressurs- og kystavdelinga.

Ole-David Stenseth er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Stenseth skal arbeide i havressurs- og kystavdelinga.
 
Stenseth vil få fagleg leiaransvar for oppgåver knytt til vervet som kvalfangstkommissær i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) i. Han vil være knytt til havmiljøseksjonen, som har ansvaret for arbeidet med/ koordinering av miljøsaker i departementet. Sentrale område er areal- og verneplanprosessar, vassforskrifta, forvaltningsplanar for havområda, klima, sjøpattedyr, biologisk mangfald, olje/fisk/miljø og internasjonale havmiljørelaterte organisasjonar og prosessar.

Stenseth er 47 år, han er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo og har vore tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet sidan 2000. Frå 2008 har Stenseth hatt sjøpattedyrspørsmål som hovudansvar. I 2008 vart han formann i Den nordatlantiske sjøpattedyrorganisasjonen (NAMMCO). Stenseth har vore kvalfangstkommissær etter at dette vervet vart overført frå Utanriksdepartementet til Fiskeri- og kystdepartementet tidlegare i år.