Omlegging av betalingssystem for årsavgifter under Kystverket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 36/2011 | Dato: 13.05.2011
Betalingssystemet for årsavgifter under Kystverket skal leggjast om. Omlegginga fører til at næringslivet, i staden for å betale heile losavgifta ved starten av året, no kan betale kvartalsvis. - Dette vil gjere det lettare for næringa likviditetsmessig, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å leggje om betalingssystemet for årsavgifter slik at næringslivet, i staden for forskotsbetaling av årsavgift, kan betale årsavgift for los kvartalsvis. Endringa vil tre i kraft frå og med 2012.
Kontakt: Pressevakttelefon 22 24 66 99