Historisk arkiv

Regulering av fisket etter kolmule i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2012.

Den norske totalkvoten er på 118 614 tonn. Det er avsett eit kvantum på 2000 tonn kolmule til forskings- og undervisningskvotar og

1500 tonn kolmule til dekning av bifangst i andre fiskeri før fordeling på
fartøygruppene.

Fartøy med kolmuletrålløyve kan fiske og lande inntil 88 540 tonn kolmule. 72 436 tonn
av dette kan fiskast i EU-sona.

Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar kan fiske og lande inntil 26 574 tonn kolmule.
20 431 tonn av dette kan fiskast i EU-sona.

Noreg har også tilgang til å fiske 16 302 tonn i Færøyane si fiskerisone.

Fiskeridirektoratet får løyve til å fastsetje fartøykvotar/maksimalkvotar.

Kontakt, seniorrådgiver Elisabeth Norgård Gabrielsen 22 24 64 74