Historisk arkiv

Regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2012.

I samsvar med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vart totalkvoten for lodde i Barentshavet i 2012 tidlegare i haust fastsett til 320 000 tonn. Etter overføring av 30 000 tonn lodde frå den russiske kvoten, i byte mot norsk vårgytande sild, er den norske kvoten på totalt 221 000 tonn. Av dette kvantumet er 5000 tonn sett av til forskings- og undervisningskvotar.

Den opphavlege norske kvoten er som tidlegare fordelt med 72 prosent til fartøya i ringnotgruppa, 12 prosent til fartøya i trålgruppa og 16 prosent til kystfartøya, medan bytekvantumet mellom Noreg og Russland er handtert på gruppenivå for ringnot- og trålgruppa. Dette gir 158 832 tonn samla til fartøya i ringnotgruppa, 27 408 tonn til fartøya i trålgruppa og 29 760 tonn til kystfartøygruppa.

Loddefisket vert opna 23. januar 2012, ettersom det då er sannsynleg at den vaksne lodda har skilt seg frå umoden lodde. Området innanfor 4 nautiske mil frå grunnlinja vert stengt for loddefiske, men vil verte opna dersom ein vurderer det som forsvarleg. Fiskeridirektoratet region Troms kan gi dispensasjon for å fiske i stengt område. Ved eit slikt fiske kan det setjast nærare vilkår for dispensasjonen, og det kan plasserast kontrollør om bord i fartøya. Fisket vert elles i hovudsak gjennomført med tilsvarande reguleringar som i 2011.

Fartøy i trål- og kystgruppa som ønskjer å delta i loddefisket må vere skriftleg påmelde til Norges Sildesalgslag innan 9. januar 2012 kl 2359.

 

Kontaktperson seniorrådgiver Geir Martin Lerbukt