Regulering av fisket etter sild sør for 62°N i 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 124/2011 | Dato: 19.12.2011
Fiskeri- og kystdepartementet har den 19.desember 2011 fastsett forskrift om regulering av fisket etter sild sør for 62°N i 2012.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter sild sør for 62°N i 2012. Den norske totalkvoten av nordsjøsild er på 123 452 tonn. Av dette skal 119 529 tonn fiskast i Nordsjøen og 3001 tonn i Skagerrak.
Det er avsett eit kvantum på 1220 tonn til forskings- og undervisningskvotar og 922 tonn til tredjeland.
Den norske kvoten er fordelt med 8492 tonn til trålgruppa, 9705 tonn til kystfartøygruppa og 103 113 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin del går 96 927 tonn til fartøy med ringnotløyve og 6 186 tonn til SUK-gruppa.
Av gruppekvoten for trålfartøy vert det avsett 500 tonn sild til å dekkje innblanding av sild i trålfangstane. Dersom bifangst av sild vert mindre enn 500 tonn, kan Fiskeridirektoratet etter 1. desember 2011 opne for eit utvida direktefiske etter sild på det resterande kvantumet.
Det vert avsett 150 tonn til fartøy i open gruppe i kystgruppa, med maksimalkvotar på 10 tonn. Kvotestigen for fartøy i lukka gruppe går frå 11,4 tonn med garantert kvantum på 8,1 tonn for fartøy under sju meter til 182,4 tonn med garantert kvantum på 129,6 tonn for fartøy mellom 21 meter og 21,35 meter.
Ordninga med påmelding og loddtrekning for ringnotgruppa sitt fiske i Skagerrak vert ført vidare. Påmeldingsfrist for dei som ønskjer å delta er måndag 3. januar 2011 kl. 1200. Påmeldinga skal sendast til Norges Sildesalgslag.
Det vert innført høve til å samføre samfiska og låssett fangst i Skagerrak.
Kontakt, rådgjevar Ingrid Vikanes 22 24 63 68