Regulering av fisket etter tobis i 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.12.2011
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2012.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2012. Det nye forvaltningsregimet om områdebasert forvaltning som vart innført i 2011 har fungert godt og vert vidareført i 2012.
Havforskingsinstituttet har foreløpig ikkje kome med ei tilråding om totaluttak av tobis i 2012. Ei slik tilråding er venta å ligge føre i slutten av januar 2012.
I tråd med den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU, er det fastsett ein kvote på 20 000 tonn i EU-sona.
Fisket etter tobis vert elles gjennomført med tilsvarande reguleringar som for 2011.
Kontaktperson Sverre Johansen 22 24 64 47