Regulering av fisket etter vassild i 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.12.2011
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild i 2012
Den norske totalkvoten blir på 12 000 tonn, før frådrag av forskingskvote på 300 tonn. Dette er på same nivå som i 2011.
Fisket vert opna 13. februar 2012, men 1755 tonn av totalkvoten kan ikkje fiskast før 1. juni. Fartøy med vassildtrålløyve får maksimalkvote på 600 tonn. Høvet til bifangst for fartøy utan vassildtrålløyve er på 10 prosent innblanding av vassild ved fiske etter andre fiskeslag. Det same gjeld fartøy med vassildtrålløyve etter at maksimalkvoten er oppfiska eller fisket eventuelt vert stoppa.
Kontaktperson seniorrådgivar Bernt Bertelsen, tlf. 22246493