Historisk arkiv

Styrka beredskap mot akutt forureining

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

For å styrkje beredskapen mot akutt forureining foreslår regjeringa å auke løyvinga til beredskap mot akutt forureining med 15 millionar kroner i budsjettet for 2012. - Den auka løyvinga skal gå til å styrkje grunnberedskapen langs kysten, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Regjeringa foreslår å auke løyinga til oljevernbereskapen med 15 millionar kroner i 2012. Dette kjem i tillegg til auken på 25 millionar kroner som kom i 2011.

Kystverket la sommaren 2011 fram ein ny miljørisiko- og beredskapsanalyse. Analysen viser at det er nødvendig å styrkje kommunane si evne til å bistå under statlege aksjonar. Den føreslåtte auken i løyvinga vil bidra til at kommunane og dei interkommunale utvala mot akutt forureining vil få tilgang til utstyrsdepot med nødvendig utstyr for å aksjonere raskt ved større hendingar. Utstyr frå dagens mellomdepot skal overførast til kommunane, og det vil bli sett i gang innkjøp av nytt utstyr.

Kontakt:
Pressevakt 22 24 66 99

Flere pressemeldinger om Statsbudsjettet 2012

Hoveddokument

Proposisjon nr. 1 S (2011 - 2012) Fiskeri- og kystdepartementet