Historisk arkiv

Priv. til red.

Fiskeri- og kystministeren besøkjer Aust-Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen besøkjer Agder 5. juni. Først inviterer statsråden til samråd om den nye stortingsmeldinga. Deretter besøkjer statsråden Merdø og Store Torungen fyr.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen besøkjer Agder 5. juni. Først inviterer statsråden til samråd om den nye stortingsmeldinga. Deretter besøkjer statsråden Merdø og Store Torungen fyr.

Pressa er invitert til å delta på samrådet. Det er også nokre plassar til pressa på båtturen til Merdø og Store Torungen fyr. (påmelding for båttur innan måndag kl. 15:00).

Program for dagen:

Kl. 9.00 – 11.00 i lokala til Havforskingsinstituttet, avd. Flødevigen i Arendal 

Innleiingar av

  • fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen
  • Jørn Lian, Skagerakfisk
  • Anita Patel Jusnes, Pronova Biopharma (selskapet er verdsleiande i hjartemedisin basert på fiskeolje).
  • August Fjelskår, fiskebåtreiar ”M/S Nesejenta”, nestformann Norges Fiskarlag

Etter innlegga vil det bli innspel frå salen og debatt.

Om stortingsmeldinga: Regjeringa har starta arbeidet med å skrive ei ny, brei og heilskapleg stortingsmelding om Noreg som den fremste sjømatnasjonen i verda. Hovudmålet med meldinga er å utvikle ein framtidsretta politikk som kan bidra til å vidareutvikle sjømatnæringa si rolle som verdiskapar langs kysten. Fiskeri- og kystministeren ønskjer innspel frå miljøa i og rundt Agder om kva sjømatnasjonen Noreg må gjere i dag for å vere på topp om 5, 10 og 30 år.

Kl. 11.15 – 11.45:  Avreise frå Havforskingsinstituttet Flødevigen med båt til Merdø.  Undervegs informasjon om: a) hummarreservatet vi køyrer over, b) status “Transekt Skagerrak” v/ fylkesmiljøvernsjef Jan A. Knutsen/ regiondirektør Erik Ludvigsen.

Kl. 11.45 – 12.15:  Vandretur på Merdø og orientering om den historiske verdien til uthamnene.  Museumsdirektør Jo van der Eynden, Lindesnes Fyr og konservator Hilde Austrheim.

Kl. 12.15 – 12.30:  Båt til Store Torungen.  

Kl. 12.30- 12.45: Velkomen v/ fyrvaktar Knut

Kl. 12.45-13.15: Sjømatlunsj.

Kl. 13.15- 14.15    3 orienteringar

  1. Aktiv forvaltning. Soneinndeling av sjøareal i Tvedestrand v/ miljørådgivar Asbjørn Aanonsen og forskar Torjan Bodvin.
  2. Marin forsking. Samarbeid mellom Havforskinga, Universitetet i Agder og Universitetet i Oslo. Planar om Marin satsing på UiA.  Professor Nils Chr. Stenseth/ dekan Frank Reichert.
  3. Forvaltning av strandsona i dialog  v/ ordførar Jan Dukene Tvedestrand og fylkesmiljøvernsjef Jan Atle Knutsen.

Kl. 14.15 - 14.30: Opp i fyret - undervegs orientering av Jo van der Eynden.

Kl. 14.30 – 15.00:  Båt tilbake til Havforskinga i Flødevigen. Undervegs informasjon om:

  • Kystverket og fritidsflåten: tilrettelegging for allmenn bruk av fyreigedomar. Regiondirektør Svein Arild Hansen.
  • Fiskeridirektoratet region Sør: Fiskarane sine vilkår på Sørlandskysten. Regiondirektør Erik Ludvigsen.

Kl. 15.15 – 16.30:  Omvising og orientering om aktivitetar og forsking ved Havforskingsinstituttet. Forskingsdirektør Erlend Moksness.

Kontakt:
Pressevakt 22 24 66 99
Konst. kommunikasjonssjef Halvard Wensel mob. 971 80 784