Jenssen konstituert som ekspedisjonssjef
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 63/2012 | Dato: 27.08.2012 | Sist oppdatert: 16.10.2013
Raymond Jenssen er departementskonstituert som ekspedisjonssjef i Forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA) i Fiskeri- og kystdepartementet.
Raymond Jenssen er departementskonstituert som ekspedisjonssjef i Forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA) i Fiskeri- og kystdepartementet.
Raymond Jenssen tek over for ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen, som er i studiepermisjon ut 2012. Jenssen er 43 år og har utdanning frå høgre avdelingstudium ved Noregs Handelshøgskule og har ein Executive Master i offentleg økonomi og leiing frå same stad.
Jenssen kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i FIA, og har vore tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet sidan 1997.