Noreg og Indonesia styrkjer sjømatkontakten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 92/2012 | Dato: 24.11.2012
Statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet deltar i den offisielle delegasjonen, leia av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit, som besøkjer Indonesia 26.-29. november.
Statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet deltar i den offisielle delegasjonen, leia av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit, som besøkjer Indonesia 26.-29. november.
- Indonesia er ein marknad i vekst for norsk sjømat. I 2011 vart det eksportert sjømat frå Noreg for 60 millionar kroner, og eksporten til Søraust-Asia aukar, seier statssekretær Kristine Gramstad og peiker på at 60 prosent av all laksen som blir omsett i Indonesia er norsk.
Frå norsk side ønskjer ein å støtte opp om norske næringslivsinteresser, og reisa har som mål å knyte tettare band mellom Noreg og Indonesia. Under besøket skal Gramstad ha møte med Indonesias fiskeriminister Sharif Cicip Sutardjo.
Indonesiske styresmakter har sett seg store mål for utviklinga på havbrukssektoren, og statssekretær Gramstad skal leggje fram norske erfaringar frå berekraftig havbruk.
- Norsk havbruk er ei moderne og internasjonalt konkurransedyktig næring som produserer sjømat på ein effektiv måte, og vi håper at våre erfaringar kan bidra til vekst og utvikling hos andre havbruksnasjonar, seier statssekretær Kristine Gramstad.
I delegasjonen deltar også nærings- og handelsminister Trond Giske, miljøvernminister Bård Vegard Solhjell og statssekretærar frå Utanriksdepartementet og Olje- og energidepartementet. Elles deltar representantar frå norsk sjømatnæring og norsk næringsliv elles m.fl.