Områdebaserte tiltak i Tvedestrand kommune for å auke kunnskapen om lokale marine ressursar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 51/2012 | Dato: 20.06.2012
Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett forskrift om ei tidsavgrensa soneinndeling av sjøområda i Tvedestrand kommune. Med dette blir det innført fangstavgrensingar i enkelte lokale område.
Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett forskrift om ei tidsavgrensa soneinndeling av sjøområda i Tvedestrand kommune. Med dette blir det innført fangstavgrensingar i enkelte lokale område.
–I Noreg har vi ein sterk tradisjon for nasjonal forvaltning av marine ressursar. Men for å utvikle kunnskapen om verknadene fiskeria har på lokale bestandar treng vi også å samle erfaringar frå lokalt tilpassa reguleringstiltak. Fangstavgrensingane i Tvedestrand kommune er resultat av eit nybrottsarbeid når det gjeld lokal medverknad i forvaltninga av kystnære ressursar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Med denne forskrifta blir det oppretta fire bevaringssoner for å beskytte spesielle artar (hummar, østers og torsk) innan sjøområda til Tvedestrand kommune. I desse områda er det berre lov å fiske med handreiskapar. I tillegg er det oppretta ei sone der alt fiske er forbode, med unntak for fiske etter strandkrabbar.
Soneinndelinga er gjort som del av forskingsprosjektet ”Aktiv forvaltning av marine verdiar i kystsona”, der det sidan starten i 2009 er gjennomført ei grundig kartlegging av sjøområda i kommunen.
Soneforslaga har vore til høyring både lokalt og nasjonalt og forskingsprosjektet skal vare i fem år.
Kart over indre bevaringssone
Kart over ytre bevaringssone
Kontakt pressevakttelefon FKD 22 24 66 99