Politiske samtaler med Skottlands fiskeriminister
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 53/2012 | Dato: 27.06.2012
– Skottland er ein svært viktig samarbeidspartnar for å oppnå ei berekraftig forvaltning av fiskeria i Nordsjøen. Samtalene med Lochhead denne veka har vore veldig positive, og vi har drøfta ei rekkje viktige saker av felles interesse, seier Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen har 25. og 26. juni hatt politiske samtaler med den skotske fiskeriministeren, Richard Lochhead. Ministrane har i tillegg møtt representantar frå både fiskeriforvaltninga og næringslivet i Bergen og Austevoll. På programmet var det også eit besøk om bord i kystvaktfartøyet KV Tor.
Det er EU som er Noreg sin avtalepart når det gjeld forvaltninga av dei felles ressursane i Nordsjøen, men det er også eit utstrakt bilateralt samarbeid med medlemsland rundt Nordsjøen. Spesielt når det gjeld ressurskontroll har Noreg og Skottland hatt eit nært samarbeid i mange år.
– Vi har blant anna snakka om korleis vi kan få slutt på det meiningslause utkastet av fisk i Nordsjøen, og drøfta den pågåande reforma av EUs felles fiskeripolitikk. Fordi vi forvaltar ressursane saman er denne reforma viktig også for Noreg, og det er avgjerande å fremme norske synspunkt til naboane våre i EU, seier Berg-Hansen.