Regulering av fisket etter hestmakrell i 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 108/2012 | Dato: 17.12.2012
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2013. Den norske totalkvoten er på 54 000 tonn.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2013. Den norske totalkvoten er på 54 000 tonn.
Kvoten er ein reduksjon i høvet til fjoråret. Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, kan norske fartøy frå 1. januar berre fiske hestmakrell i norsk økonomisk sone. Fisket etter hestmakrell vert elles gjennomført med tilsvarande reguleringar som for 2012.