Priv. til red.
Statssekretær Gramstad til Japan og Sør-Korea
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 36/2012 | Dato: 07.05.2012
Statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet besøkjer Japan 9. -13. mai. Gramstad skal ha politiske samtalar med sin japanske kollega, og saman med nærings- og handelsministeren delta på eit norsk-japansk marint seminar. Statssekretæren vil også delta på fleire arrangement med norsk sjømat.
Statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet besøkjer Japan 9. -13. mai. Gramstad skal ha politiske samtalar med sin japanske kollega, og saman med nærings- og handelsministeren delta på eit norsk-japansk marint seminar. Gramstad vil også delta på fleire arrangement med norsk sjømat.
Japan er den største marknaden for sjømat i verda, og for Noreg er Japan ein viktig marknad for laks og makrell. I 2011 vart det eksportert laks og makrell til Japan for 1,2 og 1,15 milliardar kroner.
Frå statssekretæren sitt program:
JAPAN
10. mai
10.00: Held innlegg om Noreg – ein moderne sjømatnasjon på norsk-japansk marint seminar – ”Challenges and opportunities in marine resource utilization. How can two leading marine nations cooperate?”
11. mai
05.00: Besøkjer den største fiskemarknaden i verda, Tsukiji i Tokyo. Møte med distributørar for norsk sjømat i Japan og besøk på den berømte auksjonen på fiskemarknaden.
11.00: Besøk på ein grunnskule i Tokyo. Statssekretæren vil snakke med barna om Noreg og sjømat. Barna lagar og serverer ein japansk sjømatrett basert på norske råvarer.
12.45: Besøk på supermarknaden Queens Isetan, der Noregs sjømatråd marknadsfører norsk sjømat.
14:15: Politiske samtalar med viseministeren i det japanske fiskeridepartementet.
12. mai
Besøk til dei tsunamiramma områda Ishinomaki, Hiyoriyama/Sendai.
SØR-KOREA
Gramstad deltek i programmet til den norske delegasjonen saman med nærings- og handelsminister Trond Giske.
14. mai
Deltaking ved Noregs dag på verdsutstillinga EXPO 2012 i Yeosu, Sør-Korea.
15. mai
Marknadsføringsarrangement i Seoul i regi av Sjømatrådet der HMK Kronprinsen vil delta.
Bilaterale politiske samtalar i det sørkoreanske Ministeriet for mat, landbruk, skog og fiskeri.
Kontakt:
Pressevakt 22 24 66 99
Rådgivar Bjørn Tore Erdal mob. +47 416 30 116