Forenklar eigarendringar i selskap som eig fiskefartøy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 91/2013 | Dato: 23.08.2013
Regjeringa har vedtatt å gå bort fra søknadsplikt ved mindre eigarendringar i selskap som eig fiskefartøy. Ordninga betyr forenkling både for næringa og fiskeristyresmaktene.
Regjeringa har vedtatt å gå bort fra søknadsplikt ved mindre eigarendringar i selskap som eig fiskefartøy. Ordninga betyr forenkling både for næringa og fiskeristyresmaktene.
- Å etablere mindre tidkrevjande søknadsprosedyrar saman med eit moderne, treffsikkert regelverk, har vore ei viktig satsing for denne regjeringa. No tek vi eit nytt steg i forenklingsarbeidet ved å innføre meldeplikt der det tidlegare var søknadsplikt knytt til eigarskap i fiskefartøy, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Vedtaket til regjeringa inneber at det blir ei meldingsordning for enkelte eigarendringar, i staden for eksisterande ordning der det må søkjast på førehand om alle endringar. Meldingsordninga blir avgrensa til mindre eigarendringar, slik at den nye ordninga ikkje går utover omsynet til kontroll av aktivitets- og nasjonalitetskravet i deltakarlova.
-Dette inneber reell forenkling for både næringsdrivande og forvaltninga. Vi sparer fiskerinæringa for søknadskostnader samtidig som vi frigjer ressursar for forvaltninga, seier Lisbeth Berg-Hansen.
Forskrifta trer i kraft 1.januar 2014.
Les Kongelig Resolusjon om Forskrift om endring av forskrift om ervervstillatelse, registrering og merking av fiskefartøy mv. (ervervstillatelsesforskriften)