Grøne kriterium for nye laksekonsesjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 19/2013 | Dato: 04.03.2013
Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til forskrift om tildeling av grøne laksekonsesjonar.
Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til forskrift om tildeling av grøne laksekonsesjonar.
- Med grøne konsesjonar ynskjer vi å stimulere til at ny og miljøretta teknologi blir utvikla og tatt i bruk. Miljøutfordringane til oppdrettsnæringa er kjende og knyttar seg til i hovudsak til lakselus og rømming, samtidig ser vi ny teknologi stå på trappene som kan bidra til at vi reduserer desse problema. Konsesjonane er ei gulrot for teknologiutvikling, men det er også strenge miljøkrav knytt til dei seier Lisbeth Berg-Hansen
For løyva i Troms og Finnmark og løyva som skal tildelast i lukka bodrunde, som begge krev innløysing, foreslår Fiskeri- og kystdepartementet at søkjar forpliktar seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med dei som er i alminneleg kommersiell bruk i dag, reduserer miljøutfordringane:
- gir redusert risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverkje vill laksefisk som følgje av rømming eller
- sikrar at det ikkje er meir enn 0,25 holus per fisk i anlegget, eller eit utslipp av lus tilsvarande et slikt nivå. Det er ikkje tillate med meir enn 3 kjemiske behandlingar per produksjonssyklus.
For dei 10 løyva som ikkje krev innløysing, foreslår vi følgjande kriterium:
Søkjar forpliktar seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, er vesentleg meir miljøvennlig ved at løysinga:
- gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming, eller
- sikrar at det til einkvar tid er færre enn 0,1 holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk, eller et utslipp av lus tilsvarande eit slikt nivå. Grensa skal kunne overhaldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus.
- Eg meiner desse kriteria vil bidra til å løfte det kommersielle lakseoppdrettet til et nytt nivå når det gjeld lakselus og rømming. Samtidig vil eg gjerne ha innspel på forslaga til kriteria og andre element i utkastet til tildelingsforskrift, seier Berg-Hansen.
Høyringsfristen for forslaget er 18. april 2013. Fiskeri- og kystdepartementet vil setje ned ei faggruppe. Faggruppas oppgåve er å prioritere og avgjerda kven som skal få løyve i første instans. Departementet er klageinstans. Når forskrifta er fastsett, vil Fiskeridirektoratet etter ein tid lyse ut løyva. Etter det blir det ein søknadsperiode. Vi tar sikte på at den blir tilstrekkeleg lang for at søkjar kan presentere gode søknader. Departementet har som ambisjon at førsteinstansbehandlinga i hovudsak vert ferdigstilt i løpet av året.