Milepæl for berekraftig fiske
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 57/2013 | Dato: 30.05.2013
Etter to år med forhandlingar er dei i EU no blitt einige om ny fiskeripolitikk. Det skal innførast utkastforbod i EU, det blir eit lovregulert krav om gjenoppbygging av bestandar, nye og skjerpa krav til rapportering av overkapasitet og ein meir regionalisert avgjerdsstruktur.

- I Noreg har vi lukkast godt med utkastforbodet. Eg er derfor glad for at dette no også blir ein del av EUs fiskeripolitikk. Eg er overtydd om at dette vil vere positivt for bestandane og for fiskerinæringa både i EU og Noreg på lengre sikt. Å innføre eit utkastforbod for alle land i EU inneber ei omfattande endring. Eg har forståing for at EU må finne sin "utkastmodell". Eg håpar likevel at utkastforbodet blir så robust som mogleg, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte felles bestandar i Nordsjøen og i Skagerrak. Derfor har reformen også verdi for Noreg og for det felles forvaltningssamarbeidet.
- Sjølv har eg besøkt Brussel fleire gonger og diskutert reformforslaget både i Europaparlamentet og med fiskerikommisær Maria Damanaki. Den politiske semja er eit betydeleg skritt framover mot målet om ei berekraftig forvaltning av alle marine ressursar, seier Berg Hansen.