Historisk arkiv

NTP: Skal sikre sjøvegen utanfor Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa har sett av 1 milliard kroner til Stad skipstunnel. I tillegg om lag 200 millionar kroner til andre farleitiltak og til fiskerihamna i Kalvåg i Nasjonal transportplan 2014 – 2023.

Regjeringa har sett av 1 milliard kroner til Stad skipstunnel. I tillegg om lag 200 millionar kroner til andre farleitiltak og til fiskerihamna i Kalvåg i Nasjonal transportplan 2014 – 2023.

- Dette er ei stor satsing som vil medverke til betre sikkerheit og gjere det lettare å ta seg fram for alle som ferdast på Stadhavet. For folk langs kysten er sjøvegen ei naturleg transportåre, men Stad har vore eit hinder. I dårleg ver må fartøy ligge og vente på betre forhold, og det betyr tapte pengar og usikre leveringstidspunkt for dei som skal ha varene frakta, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Regjeringa har sett av 137 millionar kroner til andre farleitiltak i fylket, og 68 millionar kroner til fiskerihamna i Kalvåg i Bremanger kommune fordi sjarkflåten har behov for å etablere seg ein annan stad i fiskerihamna på grunn av stor turistverksemd.

 

Farleitiltak Sogn og Fjordane:

Første fireårsperiode:

Innsegling til Svelgen, Bremanger
Kostnad 17 mill. kr
Innseglinga er for grunn og skal utdjupast.  Større fartøy som skal inn til Svelgen må i dag vente på stigande sjø ved inn- og utsegling.

 

Innseglinga til Florø, Flora
Kostnad 38 mill. kr

Tiltaket inneber ei utdjuping av innseglinga som m.a. vil gjere det mogleg å ta inn større riggar til oljebasen i Florø.

 

Perioden 2018-2023:


Ytre Steinsund Krakhellesund og Tollesundet, Solund
Kostnad 20 mill. kr

Tiltaket vil føre til betre sikkerheit og gjere det lettare å ta seg fram i hovudleia. Ei utdjuping i Ytre Steinsund vil opne leia for ytterlegare skipstrafikk, og spare inn seglingstid. Ytre Steinsund: Djupedalsflu skal sprengast ned til -12 meter. Det blir sett opp 4 nye navigasjonsinnretningar. Krakhellesundet: Det blir sett opp 3 nye navigasjonsinnretningar. Tollesundet: Det blir sett opp 2 nye navigasjonsinnretningar.

 

Ulvesundet, Vågsøy
Kostnad 38 mill. kr

Innseglinga til Ulvesundet ligg like sør for Stadhavet og er eit ureint farvatn med krevjande bølgjeforhold. Målet er å auke sikkerheita i eit svært utsett farvatn med mykje trafikk. Tiltaket vil redusere risikoen for ulukker. Tiltaket vil også medverke til å forbetre regulariteten og redusere ventetida ved Stad. Grunne på -10 meter, vest av Halsøybåen, skal utdjupast til -14,0 meter, og 4 nye navigasjonsinnretningar skal settast opp i farleiområdet.

 

Florø aust for Nekkøya, Flora
Kostnad 7 mill. kr

Målet med tiltaket er å auke sikkerheita i hovudleia sørvest for Florø. Grunne på -8,5 m ligg tett opp til farleia og er eit uromoment som gjer seglasen vanskelegare. Grunne på -8,5 meter, aust for nordre Nekkøya blir utdjupa til – 14,0 m.

 

Innsegling Måløy, Bremanger
Kostnad 6 mill. kr

Bremagrunna blir utdjupa til -12 meter. Dei største fartøya vik i dag utanom denne grunna sjølv om ho tidlegare er sprengd ned til -10 meter. Ytterlegare nedsprenging vil gi betre rom for å passere, både for nordgåande og sørgåande trafikk. Tiltaket vil auke sikkerheita i eit vanskeleg farvatn.

 

Flåm, Aurland
Kostnad 11 mill. kr

Cruisefartøy som gjestar Flåm nyttar særleg to ankringsområde (ytre og indre). Fretheimsgrunna jernstang som ligg mellom ankringsområda, står på ei -3 meters grunne og avgrensar høvet til ankring vesentleg. Ved Flåm kan det gjerne ligge 3 cruisefartøy om gongen i sesongen. Det blir planlagt å sprenge ned Fretheimsgrunna til -14 meter for å gi betre ankringsforhold.

 

Stad skipstunnel, Sogn og Fjordane
Kostnad 1000 mill. kr

 

Fiskerihamner Sogn og Fjordane:

Perioden 2018-2023

Kalvåg, Bremanger
Kostnad 68 mill. kr

I Kalvåg har turistverksemda tatt over sjølve vågen. Sjarkflåten har difor behov for å etablere seg ein annan stad i fiskerihamna. Ein del av flåten må i dag nytte liggekaier i tilgrensande kommunar på grunn av plassmangel i Kalvåg. Eksisterande hamn er for lita til å kunne sørve den aktuelle fiskeflåten. Med utdjuping og ein ny molo innanfor Høgholmen vil ein kunne få ei god sjarkhamn. Kommunen har m.a. fått statleg tilskot til ei større fiskerikai på Kalvøya. Dette må ein sjå i samanheng med etablering av ei ny sjarkhamn på staden.