Slotsvik held fram som kystdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 43/2013 | Dato: 12.04.2013
Kystdirektør Kirsti Lovise Slotsvik er i statsråd i dag tilsett i nytt åremål som kystdirektør for Kystverket for ein periode på seks nye år.
Kystdirektør Kirsti Lovise Slotsvik er i statsråd i dag tilsett i nytt åremål som kystdirektør for Kystverket for ein periode på seks nye år.
Ho er utdanna landskapsarkitekt, og har ein lang og variert bakgrunn som leiar av tyngre kompetansemiljø, mellom anna har ho vore distriktssjef i Statens vegvesen.
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvaltning, sjøsikkerheit og samferdsle til sjøs. Etaten har ansvar for navigasjonsinstallasjonar, lostenesta, trafikkontroll, statens beredskap mot akutt forureining (oljevernberedskap), fiskerihamner og farleitiltak. Verksemda dekker også maritim sektor av Nasjonal transportplan og forvaltningsoppgåver i tilknyting til lovverk for hamner, farleier og losplikt. Kystverket er underlagt Fiskeri- og kystdepartementet, har ca. 1000 tilsette og er organisert med hovudkontor i Ålesund og med 5 regionar.
Se originalt bilde til mediebruk på Flickr.