Styrka akvakulturlov
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 29/2013 | Dato: 22.03.2013
-Havbruksnæringa har gode framtidsutsikter for verdiskaping og arbeidsplassar langs med kysten. Lovverket må vere tilpassa morgondagens næring. Difor foreslår regjeringa endringar i akvakulturlova, som styrkjer verkemidla i lova og på sikt bidreg til ei meir miljøvennleg havbruksnæring, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
- Havbruksnæringa har gode framtidsutsikter for verdiskaping og arbeidsplassar langs med kysten. Lovverket må vere tilpassa morgondagens næring. Difor foreslår regjeringa endringar i akvakulturlova, som styrkjer verkemidla i lova og på sikt bidreg til ei meir miljøvennleg havbruksnæring, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Regjeringa foreslår å endre akvakulturlova på ei rekkje område:
- Det blir opna for å krevje obligatorisk merking av oppdrettsfisk.
- Det blir opna for ei ordning der havbruksnæringa dekkjer kostnadene for utfisking av rømt oppdrettsfisk i prioriterte vassdrag.
- Det kan krevjast inn avgift for styresmaktene si miljøovervaking.
- Det blir innført klarare og til dels strengare sanksjonsreglar.
- Fiskeridirektoratet skal lettare kunne utveksle opplysningar med andre styresmakter som fører tilsyn med akvakulturnæringa.
- I sum skal desse forslaga, saman med tiltak vi foreslår i sjømatmeldinga, vere med å leggje til rette for vidare vekst innanfor miljømessig berekraftige rammer og gjere rettstryggleiken til havbruksnæringa betre, seier Berg-Hansen.