Historisk arkiv

- Utradisjonell sjømat kan skape store verdiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Vi har eit stort og unytta potensial for verdiskaping langs norskekysten. I Austen omset dei praktisk talt alt som kan haustast frå havet. Ei rekkje virvellause dyr som ikkje har nokon plass i vår matkultur ser dei på som delikatesser. Regjeringa er oppteken av ei betre utnytting av artar vi hittil ikkje har teke i bruk, sa statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet på eit seminar om utradisjonell sjømat i Trondheim måndag.

Styresmaktene vil fremme bruken av nye artar gjennom god forvaltning, støtte til forsking og utvikling, arbeid for betre marknadstilgang og gjennom informasjon om helsefordelane med sjømat.

Blant aktuelle artar er sjøpølse og kongesnigel som Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond no set søkjelyset på.

- For regjeringa er det eit viktig poeng at utnyttinga av hittil lite nytta artar gjev kystflåten eit breiare driftsgrunnlag, sa Vidar Ulriksen og viste til at regjeringa set inn midlar på ei rekkje felt.