Historisk arkiv

EUs helsekommissær Kyprianou fekk innføring i norsk sjømatproduksjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen var vertskap då EUs helsekommissær Markos Kyprianou og landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen fekk sjå norsk sjømatproduksjon på nært hald i går.

EUs helsekommissær Kyprianou fekk innføring i norsk sjømatproduksjon. Foto: Yngve Torgersen, FKD

Med god hjelp frå Kystvakt Nord fekk følgjet sjå produksjonsprosessen ombord i fabrikktrålaren Prestfjord i havet utanfor Vesterålen. Både kommissæren og dei andre hadde høve til å tileigne seg meir kunnskap, og i tillegg bli orienterte om utfordringar denne forma for matproduksjon møter.

Ulriksen tok også gjestane til oppdrettsselskapet Nordlaks der norsk lakseoppdrett blei presentert. 

- Vi oppnådde målet med arrangementa, og eg veit at Markos Kyprianou reiser tilbake til Brussel rikare på kunnskap om norsk sjømatproduksjon, om Kystvaktas evne til oppdragsløysing og ikkje minst om nord-norsk natur, seier statssekretær Vidar Ulriksen.