Historisk arkiv

Sjøtransport for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Sjøtransport er miljøvennleg og ei transportform for framtida. Difor satsar regjeringa på sjøtransporten, sa statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet på konferansen ”Transport og Logistikk 2007” i dag.

Ulriksen sa at norske styresmakter følgjer nøye med på det som no skjer i EUs store revisjon av hamnepolitikken og av den maritime politikken generelt, og han viste til at Noreg er i front internasjonalt i utviklinga av informasjonsteknologi som både styrkjer tryggleiken og forenklar rapporteringa mellom skip og land.

Ulriksen sa vidare at regjeringa i årets budsjett legg til rette for å oppfylle planramma for Nasjonal transportplan. Farleier og oljevernberedskap er budsjettvinnarar. Fiskeri- og kystdepartementet samarbeider med Kystverket om ein gjennomgang av dei særlege statlege gebyra for sjøtransport.

Hamnene må på si side leggje til rette for at dei vert effektive knutepunkt i godslinja. - Hamnene skal vere effektive omlastingsterminalar, ikkje ein barriere mellom sjøvegen og landevegen, sa Ulriksen.