Historisk arkiv

Vil ha seglingsleier utanfor Vestlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Farvatna utanfor Vestlandet er tett trafikkerte. Det er tverrgåande trafikk til og frå sokkelen, nyttetrafikken i leia langs kysten og ein betydeleg transittrafikk. Difor vil regjeringa arbeide for å få fastsett påbodne seglingsleier langs Vestlandet for å få meir kontroll med trafikken og flytte farleg og forureinande last lengre ut frå kysten, sa statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet på Logistikkdagen 2007 i Bergen i dag.

Ulriksen sa vidare at det må leggjast tilstrekkeleg vekt på godstransporten i Nasjonal transportplan 2010-2019. Det er viktig at hamnene vert meir sentrale i utviklinga av effektive og sikre transportkjeder. Vi må sjå alle former for transport i samanheng.

- Tankane om at Bergen hamn kan avlaste importhamnene på Austlandet finn eg svært interessante. Ei betre arbeidsdeling mellom hamnene i aust og vest kan avlaste vegen og gjere norsk transport meir effektiv, sa statssekretær Vidar Ulriksen.