Historisk arkiv

- Ein unik matkjellar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Havet er ein unik matkjellar, og Noreg har eit mangfald av ressursar i hav- og kystområda våre. Desse må vi ta vare på, og lære oss å utnytte betre. Ei rekkje artar av fisk og skaldyr som ikkje har nokon plass i norsk matkultur, er delikatesser ute i verda. Med heile verda som marknadsplass, er det difor ingen tvil om at vi har eit stort uutnytta potensial langs kysten vår, sa statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet i innlegget sitt på Skaldyrkonferansen i Kristiansand i dag.

Statssekretær Ulriksen sa vidare at skjelnæringa står overfor nokre særskilde utfordringar i året som kjem. Dette gjeld dei utfordringane som knyter seg til giftstoff og hausting av skjel. Skjelnæringa er spreidd langs heile kysten. Tilhøva med tanke på mikroorganismar, framandstoff og algegifter kan variere svært mykje mellom lokalitetane langs kysten, og vi veit at skjel er eit særleg risikoprodukt med omsyn til algegifter. Nytt regelverk vil bli innført i løpet av 2008, som inneber at det blir stilt strengare krav enn i dag til klassifisering og overvaking av dyrking- og haustingsområde for skjel.  

Vidar Ulriksen peika også på problema som oppstår når det ikkje blir rydda opp etter at oppdrettsverksemda er avslutta. Styresmaktene vil, der det er naudsynt ta grep for å bli kvitt forureininga, og ønskjer næringa sitt forslag til etablering av eit fond som kan bidra økonomisk velkome. 

- Skaldyr er sunt, lettvint, annleis, luksuriøst, økologisk rett  - og gir ei verd av unike smaksopplevingar. Eg trur det ligg store mulegheiter i å auke verdiskapinga frå dei råstoffa og det volumet vi  har. Grip sjansen, og bidra til at desse produkta vert kommersialiserte og at dette om nokre år er ei lønsam næring i vekst, avslutta statssekretær Ulriksen.