Historisk arkiv

- Meir miljøvennleg og lønnsam drift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Både klimautfordringane, drivstoffkostnadene og finanskostnadene er viktige premissar for regjeringa sin fiskeripolitikk. Fiskerinæringa er truleg ei av dei næringane som vil merke klimaendringane mest. Vegen går i retning av ei meir miljøvennleg og lønnsam drift, sa statssekretær Vidar Ulriksen i talen til årsmøtet i Møre og Romsdal Fiskarlag.

- Noko av det viktigaste som må til for å finne konstruktive og gode løysingar er at næringa sjølv tar del i denne debatten og kjem med forslag om korleis vi skal møte utfordringane. Vi er glade for at organisasjonane i næringa har engasjert seg så sterkt, sa Ulriksen.