Betre dialog mellom olje og fisk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 26.09.2008 | Sist oppdatert: 30.09.2008
Det skal bli betre dialog mellom olje- og fiskeristyresmaktene når det gjeld seismikkinnsamling, lova statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet på fiskerikonferansen i Bø fredag.
Det skal bli betre dialog mellom olje- og fiskeristyresmaktene når det gjeld seismikkinnsamling, lova statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet på fiskerikonferansen i Bø fredag.
- I begge departementa er vi opptatt av at regelverket som styrer innsamlinga av seismiske data skal bli betre, og vi følgjer opp forslaga frå arbeidsgruppene som har sett på dette, sa Ulriksen.
I 2009 skal det i tillegg gjennomførast forsking i tilknyting til seismikkinnsamlinga i Lofoten og Vesterålen for betre å kunne talfeste skremmeeffekten seismikkskyting har på fiskebestandane.