Historisk arkiv

Finanskrisa og fiskerinæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Vi er opptekne av utviklinga i finanskrisa og konsekvensane for vår næring. Vi er i beredskap og følgjer situasjonen nøye. Dersom det oppstår dramatiske endringar som krev likviditet eller garantiar frå staten, vil vi setje i verk nødvendige tiltak, sa statssekretær Vidar Ulriksen på årsmøtet i Nord-Norges Rederiforening i Tromsø i dag.

Ulriksen sa at departementet har hatt møte om desse spørsmåla både med fiskerinæringa og finansnæringa, og departementet har jamleg kontakt med både salslaga og Innovasjon Noreg om situasjonen. I tillegg har regjeringa sett ned eit statssekretærutval som skal samordne dei berørte departementa sine tiltak på dette området.