Fiskeriavtalane med andre land
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 20.06.2008
Fiskeri- og kystdepartementet la i dag fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. Meldinga omtalar mellom anna kvoteavtalane for 2008 og fisket etter avtalane i 2006 og 2007.

Stortingsmeldinga omtalar også norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar og det vert gjort greie for bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Vidare fortel meldinga om kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS), kontrollsamarbeid med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.