Historisk arkiv

Hamnekassa - eit viktig instrument for hamnene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Under Kommuneøkonomikonferansen i Bodø tysdag 10. juni, heldt statssekretær Vidar Ulriksen eit innlegg om regjeringas politikk knytt til sjøvegen og hamnepolitikken, finansiering av hamnene og belyste nokre av dei problema som oppstår i skjeringspunktet mellom lokale og nasjonale interesser.

 - Inntekter frå hamneverksemd verken skal eller kan brukas til å finansiere andre kommunale oppgåver, understreka statssekretær  Ulriksen i innlegget sitt.

Dei offentlege hamnene har  i dag ein eigen økonomi (hamnekasse) som er skilt frå andre delar av kommuneøkonomien, og midla i hamnekassa skal berre nyttes til hamneformål. Hamnekassa er eit viktig instrument som sikrar at hamnene etterlever prinsippet om kostnadsansvar og sjølvfinansieringsprinsippet.