Historisk arkiv

Kartlegg faren for anna forureining enn olje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Kystverket har starta arbeidet med ei heilskapleg vurdering av faren for anna forureining enn olje frå skipsvrak. Fiskeri- og kystdepartementet skal få ein rapport om dette hausten 2009, opplyste statssekretær Vidar Ulriksen på informasjonsmøtet i Florø i dag om tømminga av vraket ”Welheim”.

Hittil er det faren for oljeforureining som har vore vurdert, og Kystverket leverte ein rapport til departementet om dette i 2006, der 30 vrak vart vurderte. Kystverket prioriterte fem vrak for vidare tiltak. Regjeringa har følgt opp tilrådinga, og i år er to vrak tømde for olje. Det gjeld ”Nordvard” ved Moss og ”Welheim” utanfor Florø.

Dei tre andre vraka er ”Boardale” i Vesterålen og ”Erich Giese” og ”Neuenfels” ved Narvik.

- Regjeringa og Fiskeri- og kystdepartementet vil halde fram arbeidet med vraka som utgjer ein fare for oljeforureining. I tillegg arbeider vi også med vrak som kan vere ein miljørisiko av andre grunnar, sa Vidar Ulriksen.