Historisk arkiv

Open dialog i forvaltninga av havområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Prinsippa om sameksistens er ein føresetnad for forvaltninga av havområda våre, og det er ikkje slik at omsynet til fiskeria skal vike for andre økonomiske interesser. Vi må heile tida ha ein open dialog, sa statssekretær Vidar Ulriksen på temamøtet om fornybar energi som Sogn og Fjordane Fiskarlag arrangerte i Florø i dag.

Ulriksen kom inn på tilhøvet mellom fiskeri og seismikk og framtidig vindkraftutbygging til havs:

- Alle faste utbyggingar i sjø kan verte til hinder for fiskeria, og det er difor særs viktig at vi allereie frå starten av er nøye i planlegginga slik at vi ikkje skapar unødige konfliktar, sa Ulriksen. Han viste til at det først og fremst er viktig for fiskeriinteressene å kunne bruke den delen av havet som er grunt, det vil seie langs kysten og på fiskebankane. På djuphavet er det mindre fiskeriaktivitet.