Skal rekruttere fleire unge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyhet | Dato: 19.11.2008
- I haust starta det nye rekrutteringsprosjektet som regjeringa har oppretta for å få fleire unge til å arbeide i marin sektor. Dei to prosjektleiarane har med seg ei styringsgruppe der både næringslivet og skuleverket er representerte. Eg er trygg på at dette prosjektet vil gje resultat, sa statssekretær Vidar Ulriksen i talen på Maritim dag på Leknes.
Dette er eitt av fleire tiltak regjeringa vil setje inn for at fleire unge skal kome inn i fiskeri- og havbruksnæringa. Blant tiltaka er auke i fiskarfrådraget og forslag om støtte til unge fiskarar som vil etablere seg med eige fartøy, etableringsstipend og nye deltakarløyve i lukka fiskeri.