Historisk arkiv

Statsråden inviterer til seminar under Nor-Fishing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Den 13. august frå 11.00 til 13.45 inviterer fiskeri- og kystminister Helga Pedersen til seminar om mulegheiter og utfordringar i marin sektor.


Den 13. august frå 11.00 til 13.45 inviterer fiskeri- og kystminister Helga Pedersen til seminar om mulegheiter og utfordringar i marin sektor.

- Eg ønskjer at dette seminaret skal bidra til å gi oss inspirasjon til å tenkje saman og framover om kva vi kan gjere for at marin sektor skal bli endå betre rusta til å møte den framtidige konkurransen i dei globale matvaremarknadane, seier Helga Pedersen. 

Seminaret som er ope for publikum og presse, blir arrangert på Stadion ved sida av messeområdet til Nor-Fishing.

11.00 - 11.10  Velkomen ved Helga Pedersen, fiskeri- og kystminister

11.10 - 11.40  Næringsutvikling - globale og nasjonale rammevilkår
ved Jon Gunnar Pedersen, finansiell rådgjevar, Arctic Securities

11.40 - 12.15 Rekruttering og kjønn - behov for realfagskompetanse
ved Camilla Schreiner, forskar ved Naturfagsenteret ved UiO

12.15 - 12.45 Pause med servering av sjømattapas

12.45 - 13.15 Sjømat - trendar og forskingsbehov 
ved Ørjan Olsvik, konsernsjef Nofima

13.15 - 13.45 Berekraft og miljø - honnørord eller harde realitetar
ved, Liv Holmefjord, påtroppande fiskeridirektør

Sjå vedlagde program for omtale av foredragshaldarane.

 
Fredag 8. august legg vi ut ei oversikt over programmet til statsråd Helga Pedersen under Nor-Fishing