Større innsats på den heimlege sjømatmarknaden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 21.10.2008 | Sist oppdatert: 23.10.2008
Statssekretær Vidar Ulriksen varsla auka satsing på den heimlege sjømatmarknaden då han tysdag opna Sjømatkonferansen i Bergen. Regjeringa vil særleg gjere ein innsats for at barn og unge skal ete meir sjømat.

Regjeringa vil legge til rette for eit sunt og balansert kosthald i befolkninga. Prosjektet Fiskesprell, som regjeringa lanserte i mai, er eit landsomfattande opplegg for å fremme bruken av sjømat blant barn og unge, og løyvinga til Fisekesprell vert dobla i 2009.
Ulriksen understreka verdien av arbeidet med kvalitet og forbrukaropplysning.