Strengare krav til seismikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 16.08.2008
- Krava til godkjenning av seismiske undersøkingar vil bli ytterlegare skjerpa, sa statssekretær Vidar Ulriksen på Husøydagan laurdag. Han viste til at to arbeidsgrupper har lagt fram forslag til forbetringar av regelverket. Dette vil bli følgt opp.

Ulriksen understreka at fiskeriinteressene og olje- og gassinteressene må behandlast likt.
– Vi må heile tida hugse på at når oljen og gassen ein gong tek slutt så skal vi framleis hauste av dei levande ressursane i havet, sa Vidar Ulriksen.