Vil ha fleire unge i dei marine næringane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Studentkonferansen Håp i havet 2008
Nyheit | Dato: 01.02.2008
- Fiskeri og havbruk er eitt av dei viktige satsingsområda for regjeringa fordi ressursane i havet gjev grunnlag for ei solid framtidsnæring. Men det krev at fleire vel høgre utdanning for å arbeide i dei marine næringane, sa statssekretær Vidar Ulriksen då han opna karrieredagen under konferansen Håp i havet i Tromsø i dag.

Det har i fleire år vore ein nedgang i talet på personar som ønskjer å ta ei marin utdanning. Difor gjeld det å vise ungdommane alle dei mulegheitene som ligg i desse næringane. Regjeringas nysatsing – Prosjekt rekruttering – er nettopp ei nasjonal satsing for å fremme rekruttering og kompetanseheving i marin sektor.
Ulriksen viste til at fiskeri og havbruk har eit mangsidig behov for kompetanse. Det gjeld innan marknadsføring, eksport, økonomi, forsking, byråkrati og i samspelet mellom fiskeri og havbruk og reiselivet. Den årlege konferansen Håp i havet er med og legg grunnlaget for at ungdom satsar på ei framtid i marin sektor og på fiskeri og havbruk som framtidas næringar.