Historisk arkiv

Finansuroa og fiskeri- og havbruksnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Uroa i finansmarknadene rammar også fiskeri- og havbruksnæringa. Regjeringa følgjer utviklinga i næringa frå dag til dag, og det vert arbeidd mykje for å finne løysingar på dei problema som styresmakter og næring i fellesskap kan gjere noko med, sa statssekretær Vidar Ulriksen på fiskerikonferansen i Båtsfjord i dag.

- Situasjonen er vanskeleg og krevjande. Det er nær kontakt mellom styresmaktene og organisasjonane i næringa, slik at vi heile tida er oppdaterte og kan få fram forslag til eventuelle nye tiltak som kan bidra til å avdempe verknadene av krisa, sa Ulriksen som så gjekk gjennom dei tiltaka som alt er sette i verk.