Forskrifter til ny hamne- og farvatnslov på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 02.07.2009
Den nye hamne- og farvatnslova vart vedteken i Stortinget i april i år. Fiskeri- og kystdepartementet legg opp til at den nye lova trer i kraft 1. januar 2010. Dei forskriftene og forskriftsendringane som departementet foreslår skal tre i kraft samtidig med lova vert no sende på høyring.

Den nye lova legg til rette for god framkommelegheit, trygg ferdsel og forsvarleg bruk og forvaltning av farvatnet. Samtidig legg lova også til rette for effektiv og sikker hamneverksemd, og det vil igjen bidra til å styrkje konkurranseevna til sjøtransporten.
Departementet ber om merknader til høyringsnotatet og utkasta til forskrifter og forskriftsendringar innan 1. oktober 2009.