Innovasjon Noreg tilbyr lån til torskeoppdrettsselskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 05.06.2009
Innovasjon Noreg vil tilby 85 mill. kroner i langsiktige lån til fire torskeoppdrettsselskap. Låna skal brukast til å styrkje den finansielle kapasiteten til selskapa, finansiere investeringar og utvikle selskapa vidare.

Både små, mellomstore og store bedrifter kan søkje om støtte frå ordningane til Innovasjon Noreg. Innovasjon Noreg tek avgjerder i enkeltsaker på sjølvstendig grunnlag.