Historisk arkiv

Invester i framtidas miljøtiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

-Invester i framtida gjennom innsats for å motverke negative miljøverknader frå havbruk, sa statssekretær Vidar Ulriksen på havbrukskonferansen AqKva på Stord torsdag.

-Invester i framtida gjennom innsats for å motverke negative miljøverknader frå havbruk, sa statssekretær Vidar Ulriksen på havbrukskonferansen AqKva på Stord torsdag.

Ulriksen rosa oppdrettarane for arbeidet med å redusere rømmingsproblema og innsatsen mot PD-sjukdomen på Vestlandet.

-Det er ein god dialog mellom styresmaktene og næringa. Samfunnet meiner klart at rømming er uakseptabelt og difor er det viktig at det blir tatt tak i dei næringsaktørar som opptrer uansvarleg. Dette handlar om omdømmet til næringa og til Noreg som sjømatnasjon.