Historisk arkiv

Kongeleia i Kiparsundet er opna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Vi kan glede oss over at Kystverket har gjor ferdig ein viktig del av den moderne merkinga av leia i Ytre Sogn, sa statssekretær Vidar Ulriksen då han opna Kongeleia i Kiparsundet.

- Vi kan glede oss over at Kystverket har gjor ferdig ein viktig del av den moderne merkinga av leia i Ytre Sogn, sa statssekretær Vidar Ulriksen då han opna Kongeleia i Kiparsundet.

I Gulen kommune finst det 1 500 øyar, holmar og skjer, i tillegg til fastlandet. Det er lett å forstå at hurtigbåten er viktig for befolkninga. Hurtigbåten gjer det muleg å komme raskt frå stad til stad, og slik kan folk og bli buande i distrikta.


Foto: Kystverket

I dei seinare åra har Kystverket satsa på navigasjonsinnretningar som er laga spesielt for hurtigbåttrafikken. Dette har gitt gode resultat, både for  dei som bruker leia og for Kystverket.

- I Nasjonal transportplan aukar vi løyvingane på Kystverket sitt område med 77 %. Det viser til fulle at regjeringa satser på sjøtransporten, sa statssekretær Vidar Ulriksen.