Historisk arkiv

Ny lov skal vitalisere hamnene og styrkje sjøsikkerheit

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Sjøsikkerheit er eit prioritert område i mitt departement, og er svært viktig for forvaltninga av havet og kysten, sa statssekretær Vidar Ulriksen i innlegget sitt under Haugesundkonferansen onsdag 11. februar.

- Sjøsikkerheit er eit prioritert område i mitt departement, og er svært viktig for forvaltninga av havet og kysten, sa statssekretær Vidar Ulriksen i innlegget sitt under Haugesundkonferansen onsdag 11. februar.

Han kunne vidare fortelje om framdrifta i arbeidet med den nye lova om hamner og farvatn.

- Eg er svært nøgd med å kunne seie at lova ikkje lenger berre er ”på trappene”, men er nå behandla i Odelstinget, og forslaget fekk brei politisk støtte. Det kom og fram at det er tverrpolitisk semje om å sjå nærare på  andre sider ved sjøtransportens rammevilkår , både når det gjeld kostnader i form av avgifter og gebyr og tidsmessig infrastruktur. Målet er at lova om hamner og farvatn skal tre i kraft frå 1. januar 2010.

Det er eit sentralt mål med det nye lovforslaget å etablere eit juridisk rammeverk som legg til rette for at hamnene kan utvikle seg til logistikknutepunkt. I tillegg er formålet med lova å gi vilkår som gjer at effektiv og trygg sjøtransport kan hevde seg i konkurransen med andre former for transport. Vidare skal ho leggje til rette for ei effektiv og sikker hamneverksemd som ledd i sjøtransporten og dei kombinerte transportane. Regjeringa ønskjer ein konkurransedyktig sjøtransport både av personar og gods innanfor nasjonale og internasjonale transportnettverk.

- Eg har stor tru på at den nye lova om hamner og farvatn gir dei verkemidla vi treng for å lukkast med transport- og sjøsikkerheitspolitikken. Og eg er sikker på at regelverket, saman med politiske føringar og prioriteringane i Nasjonal transportplan, vil vitalisere hamnene og auke bruken av sjøtransport. Trygg sjøtransport er i tråd med regjeringa sine mål, sa Ulriksen.