Historisk arkiv

Skreiv under samarbeidsavtale mellom Brasil og Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeriministeren i Brasil, Altemir Gregolin, er på eit tre dagars besøk i Noreg, og i dag møtte han fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i Oslo. Under dette møtet skreiv dei to under ein samarbeidsavtale (Memorandum of Understanding) mellom Fiskeri- og kystdepartementet og tilsvarande styresmakt i Brasil.

-Brasil er ein viktig marknad for norsk sjømat og ein viktig aktør i internasjonale fora der fiskerispørsmål blir drøfta. Brasil har også eit stort potensial for oppdrett av fisk, og dei ønskjer eit nærare samarbeid med Noreg på dette området, seier Helga Pedersen.

Avtalen skal stimulere til auka samarbeid mellom norske og brasilianske institusjonar og bedrifter innan akvakultur. Avtalen dekkjer i tillegg samarbeidet mellom norske og brasilianske styresmakter for å sikre ei berekraftig forvaltning av fiskeressursane i verda, medrekna kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske (UUU-fiske). Noreg og Brasil har tidlegare gjort ein avtale som dekkjer sanitær- og veterinærføresegner i sjømathandelen mellom dei  to landa.

Gregolin reiser vidare til Bergen for å besøkje blant anna Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og NIFES. Det er også lagt opp til møte med andre norske forskingsinstitusjonar før Gregolin avsluttar med eit besøk på Hardanger Akvasenter. Statssekretær Vidar Ulriksen reiser saman med fiskeriminister Gregolin til Vestlandet.

Kontaktpersonar:  
Avdelingsdirektør Dag Erling Stai, tlf. 928 90 493
Seniorrådgjevar Per Christian Enge, tlf. 975 19 656