Historisk arkiv

Strategier for aktivitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

-I tøffe tider er det viktig å sjå framover og leggje strategiar for å sikre aktivitet og nyskaping. Regjeringa lanserte nyleg sin strategi for marin sektor. Her ser vi framover og peikar på kva område som bør styrkjast, dersom vi skal auke konkurranseevna til fiskeri- og havbruksnæringa, sa statssekretær Vidar Ulriksen i innlegget sitt på Midt-Norsk Fiskerikonferanse i Kristiansund 2009 i dag.

-I tøffe tider er det viktig å sjå framover og leggje strategiar for å sikre aktivitet og nyskaping. Regjeringa lanserte nyleg sin strategi for marin sektor. Her ser vi framover og peikar på kva område som bør styrkjast, dersom vi skal auke konkurranseevna til fiskeri- og havbruksnæringa, sa statssekretær Vidar Ulriksen i innlegget sitt på Midt-Norsk Fiskerikonferanse 2009 i Kristiansund i dag.

Ulriksen heldt fram med å seie at regjeringa på tampen av valperioden har fremma strategien ”Bærekraftig sjømat - alfa og omega” for fiskeripolitikken i dei neste fire åra. Ein politikk som vil at all utnytting av ressursane i havet, skal vere berekraftig i ordet sin vidaste forstand.  

I innlegget sitt var han og innom dempingstiltak mot verknadene av finanskrisa og regjeringas systematiske arbeid mot overfiske, utkast og ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) som utgjer dei største truslane mot ei berekraftig forvaltning av livet i havet på verdsbasis.